Elevene ved den Kristne Videregående skolen i Trøndelag fikk som skoleoppgave å skrive et leserinnlegg om et valgfritt tema. Vegard Sjåvik valgte å ta for seg et tema som han mener begynner å bli mer og mer reelt. Hovedsakelig er det mest blant de unge at mobilbruken tar over stadig større deler av livet og påvirker både deres sosiale liv, men det går også ut over humøret og  nattesøvn. - Tanken bak dette innlegget var å sette fokus mot at telefonbruken ikke nødvendigvis er en positiv ting. Jeg har brukt sikre kilder, men har også selv erfart blant annet søvnproblemer etter å ha brukt telefonen rett før jeg legger meg. Dette skyldes at skjermen utstråler et lys som får hjernen til å jobbe. I tillegg blir man mye mer usosial i det virkelige liv. Andre steder i verden er folk mye mer utadvent fordi de bruker mindre tid på telefonen og mer tid på de rundt seg, forteller Vegard Sjåvik til nettavisen.

Vegards leserinnlegg:

Telefonen tek over kvardagen

"Telefonen tek over meir av kvardagen og kan bli eit aukande problem for dei fleste. Han gjer det lettare for menneske å halde kontakten døgnet rundt, men forsking har vist at den overdrivne bruka kan føre til nye problem. Ungdom er forkjemparar for denne revolusjonen innan teknologi. Dei har hatt ei stor auking i bruk av telefonen dei siste 10 åra, men korleis påverkar telefonen liva deira?

Eg har sjølv erfart at søvnmangel kan vere eit aukande problem hos ungdom. Forsking.no skriv at telefonbruk kan vere ein grunn til søvnmangelen. Dei skriv spesielt at sosialbruk er verst. Det er fordi dette er ein meir aktiv bruk av telefonen samanlikna med å berre sjå på filmar og seriar. Dei skriv også at lyset som telefon sender ut vil verke oppkvikkande og dermed forsinke søvnen ekstra mykje. I tillegg kan eg seie med erfaring at ungdom er generelt meir aktive på mobilen om kvelden, og dermed forskyv dei søvnrytmen sin og legg seg seinare. Nokon sitt og pratar på nettet til seint på kveldane. Da kan det hende at det blir sendt nokre oppsiktsvekkande meldingar som sett i gang tankegangen hos ungdommane, og da blir det mykje vanskelegare å sovne om kveldane. Telefonen kan vere ei direkte årsak til at mange slit med søvnmangel!

Overdriven bruk av telefonen kan også føre til depresjon. Maria Kallstad Brun, som er ungdomsarbeidar, legg fram at telefonen fører til at vi får ein meir stressa kvardag. No blir det satt forventninga til at vi skal vere tilgjengelege heile døgnet. Ein får ikkje tid til å vere aleine og kvile hovudet. Dette kan føre til at hovudet blir fullt av tankar, som gjer at ein føler seg overvelda og ein slit meir emosjonelt.Mange av bileta som blir publiserte på sosiale media gir oss eit gale syn på verda. Dei kan vere redigerte og framstille ein drøymekropp som det kanskje er umogleg å oppnå. Dette gjer at ungdommar slitmeir med sjølvbiletet, og telefonen gjer oss meir deprimerte.

Ifølgje BUFDIR lever ungdommar ein stor del av sitt sosiale liv på internett, for det meste på tenester som Snapchat og Facebook. Med tanke på sosialisering vil dette vere negativt. Dei fleste ungdommane kan velje å sitje med telefonen framfor å vere saman med vennane sine i den verkelege verda. Dette fører til at dei ikkje blir utsette for sosialisering, og blir dårlegare sosialt samanlikna med tidlegare generasjonar. Dei blir også dårlegare på å helse på nye menneske. Vi nordmenn, som allereie er kjent for å vere eit ganske inneslutta folk, vil bli meir tilbakehaldne.

Telefonen er eit godt og viktig reiskap i mange situasjonar, men det er klare negative konsekvensar rundt bruken av telefonen. Ungdommane kan oppleve han som stressande og dei kan slite med søvnen på grunn av han. Ein dårleg søvn kan føre til ein verre kvardag og forverre store delar av livet til dei som sli med det. Derfor er det viktig at vi opnar auga og ser korleis telefonen også kan vere ein negativ del av livavåre. Ta auga opp frå telefonen og lev eit betre liv!"

- Vegard Sjåvik (16)